Postkassa som forsvann
FORSVINNINGA
Kanskje nokon hugsar historia om postkassa som forsvann frå eit poststativ på Skoge? Kvar blei det av postkassa? Dette har vore eit mysterium for oss på Skoge ei stund. No ser det ut for at me nærmar oss nokre svar.
Nokre turgåarar fann postkassa til Alexander liggande slengt i Skogselva (Kvednelva). Korleis den har hamna der, er framleis ei gåte. Er det nokon som har eit tips?
Spørsmålet er korleis har den funne vegen frå poststativet på Skoge og ned i elva ved oppgongen til Neset🤔🤔
Klikk på bileta for å få større utgave.
- Her ligg det noko grønt i Skogselva. Dette må undersøkjast.
- Ein postkasse? Korleis har den komt her?
- Postkassen er redda ut av elva. Men kven sin er det?
- Wow, ser ut til at det er den forsvunne postkassen til Alexander.