På denne sida vil me legge ut saker som gjelder slektshistorie, linkar eller andre ting som omhandlar garden Skoge. Her vil det også bli lagt ut historie som omhandlar Sund kommune eller andre saker som har historisk interesse.


Folkemordet i konsentrasjonsleiren Auschwitz – Birkenau.

I dag er det 60 år sidan soldatar frå Den røde Armé gjorde inntog i konsentrasjonsleiren Auschwitz. Innanfor piggtrådgjæra og murane vart 1,5 millionar menneske drepen. Auschwitz ligger ca 1 time utanfor byen Krakow i Polen. Det er eit sterkt inntrykk som møter oss i denne leiren 60 år etter.

 

 

 

 

Auschwitz


27.01.2005 20:30
Les meir: Folkemordet i Auschwitz – Birkenau.


Då Rangele Sjursdatter vart dømd til døden for leiermål.

På Sommartinget den 5 mai 1761 i Sartor Skipreide kom ei alvorleg sak opp for tinget. Det var Futen Oluf Lund Bildsøe som la fram saka, som gjaldt ” leiermål begaaet imot forbodne ledd ”. Dommen som vart avsagt i saka er ein av dei alvorlegaste, som ein i dag kan påvisa i Sund kommune.

12.10.2004 18:45 Les meir: Rangele Sjursdatter dømd til døden for leiermål.


Johan Fritzner Greve, sokneprest og ordførar i Sund.

Johan Fritzner Greve var sokneprest i Sund i over 50 år, samt at han var den første ordførar i Sund kommune, eit verv han hadde i over 18 år. Les historia om ein av dei mest markante personar i Sund kommune.

Johan Fritzner Greve

24.08.2004 18:00 Les meir: Johan Fritzner Greve


Sunds eldte gravstein ?

Tar ein turen til Sund kyrkjegard så vil ein finna det som trulig er Sunds eldste gravstein. Så kven er så denne personen som her er stedt til kvile.

Er dette Sunds eldste gravstein ?

01.07.2004 16:15 Les meir: Sunds eldste gravstein ?


D-dagen – 06 juni 60 år etter

I dag er det 60 år sidan dei allierte styrkane gjekk i land på Normandie-kysten og starta storoffensiven som til slutt velta Hitler-Tyskland.

Kong Harald,
statsminister Kjell Magne Bondevik og Frankrikes statsminister Jean-Pierre Rafferin var til stede igår under ein seremoni i landsbyen Villions-les-Buissons i Normandie. I sin takk til dei norske veteranane sa kong Harald: Dere gjorde det umulige mulig, dere fortjener vår store takk. Ingen kan bedre enn dere bære vitnesbyrd om det som skjedde, og om hva det kostet.

Tyske krigsskip på veg mot Bergen.

06.06.2004 00:25 Les meir: D-dagen 06 juni 60 år etter.


Sokneprestar i Sund

Før reformasjonen har me ingen oversikt på kven som var prestar i Sund. Riktig nok finn me brev frå Biskop Haakon frå den 17 april 1338, der han skriver at han har tatt presten Benedikt i Rugsund til nåde og gitt han kyrkja i Sund, under fjellet der vår kvalvåg er. På den tida eiger biskopen kvalvågen i Skogsvåg, så det er stor grunn til å tru at det har stått ei kyrkje på Kyrkjeholmen og at det er i denne kyrkja at Benedikt er prest.

Sokneprest og seinare biskop Gunvald Thorkildsen.

01.06.2004 10:15

Les meir: Sokneprestar i Sund.


Kyrkjene i Sund

Korti den første kyrkja vart bygd i Sund er usikkert. Me veit at St. Ludvigs kapell på Tyssøy må ha vore oppført rundt på 1200-tallet eller 1300-talet. Mykje talar for at den første kyrkja har stått på Kyrkjeholmen, som ligger under garden Skaga. Kyrkjeholmen ligger sentralt til midt mellom bygdene i Skogsvåg, samt Hagenes, Tellnes, Dala og Trengereid. Kyrkja har nok vore ei lita bygdekyrkje og på den tida var båten framkomstmiddelet.

Sund kyrkje innvigd 18 mai 1997.

05.05.2004 16:00

Les meir: Kyrkjene i Sund.


Herborg, eit gammalt
Hardanger-namn

Namnet Herborg var eit uvanlig brukt namn på Sotra kring 1700-talet.
På Skoge finn me namnet Herborg første gang nemnt i giftarmål i 1699. Herborg
Knudsdatter giftar seg med Hans Olsen Skoge. Men kvar kom Herborg frå ? Etter å granska
dette syner det seg at Herborg kjem frå garden Nes i Hardanger. Ser me i Folketeljing
1801 for Sund, så finn me ut at dei med namnet Herborg kan følgjast direkte tilbake i
slekt til Herborg frå Nes i Hardanger, som gifta seg på Skoge.

HerborgKraakevik.jpg (12012 bytes) Foto: Knut Strand     

Herborg Kråkevik frå Jondal

02.04.2004 12:37 Les meir: Herborg, eit gammalt
Hardanger-navn.


Den hælvedes
reinsligheita

Korleis levde dei før i tida på Sotra. Bergens
Tidende har i denne artikkel om slektsgransking lagt turen til garden Skoge i Sund. Me
får her eit lite innblikk i korleis det var på Sotra i tidligare tider. Artikkel gir
også nokre råd om korleis ein startar med slektsgransking.

02.04.2004 12:37 Les meir: Den hælvedes
reinsligheita.

Du må ha Acrobat Reader installert for å lese denne artikkel.  


Laurentz
  Hanssøn: Embetsmann og sagaomsetjar busett på Skoge

”Laurentz Hanssøn, Bonde paa Eders
Naades Gaard Skough”, dette skriver Laurentz Hanssøn i sin dedikasjon til Kong
Fredrik II (1559 – 1588 ).
Laurentz budde på garden Skoge frå rundt 1538 til rundt
1565. Han arbeidde på Bergenhus og var ei tid embetsmann i Stavanger.

02.04.2004 12:37 Les meir: Laurentz Hansson.