Band 4 framsideKULTUR:
Fjerde bandet i bygdebokverket Sund på søre Sotra vert lansert 19. november 2015 kl. 18 på Nordsjøfartmuseet.

Innhald

Boka er ei gards- og slektssoge, og opplysningane begynner på 1500-talet og er førte fram til 2015. Band 4 har om lag 800 sider og inneheld rundt 1450 bilete, som gjev eit variert inntrykk av folk, arbeidsliv og kulturlandskap. Det er tabellar. figurar, kart og register i boka. Ho handlar om alle bustadene på matrikkelgardane Glesnesholmen, Glesnes, Øvre Golta, Nedre Golta, Selstøa med Asphaugen, Øvretveita. Midttveita, Telle og Nipa.

Favørtilbod
No kan du tinga boka og få henne til redusert pris, 450 kr, dersom du betalar innan 31. oktober. Du må seinare betala full pris, 500 kr. Boka kan hentast på boklanseringa om kvelden 19. november, eller på kulturkontoret eller biblioteket frå 20. november. Der kan du kjøpa fleire eksemplar av boka. Ho vert og å få i bokhandel. Du kan og tinga band 1. 2 og 3, dei kostar 500 kr pr. band.

Porto om boka skal sendas:
1 til 3 bøker 179 kr

Les mer på Facebook