Født 01.10 –1799 Død 18.11- 1883.

Johan Fritzner Greve vart fødd 01 oktober 1799 på Åstveit i Hamre. Foreldre var proprietær Jan Arntsen Greve og kona Magdalena Fritzner. Johan kom inn på Bergens latinskole i 1812, der han var ferdig i 1818. I 1819 tok han eksamen artium og filosofi eksamen og i 1823 tok han teologisk embetseksamen. Han vart i 1824 residerande kapellan i Haus, sidan vart han i 1827 sokneprest i Hosanger og den 27 desember 1833 vart han sokneprest i Sund.

Johan F. Greve gifta seg i 1824 med Henriette Neeven, fødd den 28 oktober 1803. Ho var dotter til skipsførar Henrik Neeven frå Holland og kona Pauline Henriksen. Johan og Henriette hadde fire søner og sju døttre. To av sønene vart prestar, ein vart handelsmann i Fjellberg og ein døydde som barn.

 

 

 

 

 

 

 

 

Den unge Sokneprest Johan Fritzner Greve.

 

I 1850 vart Johan F. Greve prost i det nye Midhordland prosti. Prost Greve var av kristendomen ein gjennomtrengt personlegdom, som levde eit liv i bønnas omgang med sin Gud og Frelser. Han besøkte fleire gongar Hans Nielsen Hauge på hans gard Bredtveit i Aker. I sine unge dagar skal han ha vært ein mann med miget høgt temperament, men i dei seinare år av hans liv hadde dette veket plass for visdomens saktmodighet. Men ikkje desto mindre la den gamle prest like til det siste for dagen ein energi og viljestyrke som man yttarst sjeldan finner hos ein mann på over 80 år. Dette skriver ekspedisjonssjef Oftenæs i Kyrkjedepartementet om Johan F. Greve i ”Dagen” i 1933.

Også når det gjaldt folkehelsa så engasjerte Johan F. Greve seg for dei i Sund. I medisinalbereting 1842 er det nemnt ein tyfusepidemi, der mange barn døydde, og at dette skuldast urett pleie og behandling. Dei påfølgjande åra gjekk talet på barnedød mykje ned, og i medisinalbereting 1843 skriv distriktslegen:
Jeg kan ved denne leilighed erindre, at jeg engang gik iland i Sunds præstegjeld, for at tale med nogle ældre folk, og rose dem, fordi de holde deres børn til reenlighed. Men hermed kom jeg ei langt. De holdt fast ved det gamle, og reenlighed var dem forhadt. De svarede mig nemlig, at det ei var dem, men præsten Greve, der havde overtalt børnene hertil, og at han forresten vistnok var en brav mand, men at han var altfor “gla i den helvedes reinsligheta.” Som følge af en større reenlighed blandt den yngre generation er det, at hudsygdomme ei ere så hyppige blandt dem som blandt de ældre.

Johan Fritzner Greve var også politisk engasjert og han vart i 1838 den første ordføraren i Sund, eit verv han hadde like til 1855, han hadde då vore ordførar i 18 år. Johan F. Greve var 50 år sokneprest i Sund, han var ein miget sympatisk og eigenarta prest og han var som ein far og rådgivar for sin kyrkjelyd. Det var hos Greve ein merkelig foreining av verdigheit og barnleghet i heile hans personligdom, som heilt igjennom bar preg av danning og kultur. Han var ein rommelig, men samtidig sjølvstendig ånd, tolerant overfor andre religiøse og kyrkjepolitiske meiningar. Han hadde ei strek helse som tålte dei strabasiøse, ofte livsfarlege kyrkjereisene, og han beheldt tross sin høge alder sin åndsfriske. Dette skriver skoleinspektør Ole Irgens om prost Greve.

 

 

 

 

 

 

 

 

Den eldre Sokneprest Johan Fritzner Greve.

 

Den 30 mai 1874 hadde Greve og kona Henriette gullbryllaup på Sund og på 50 årsdagen sin som prest vart han den 11 april 1874 riddar av St. Olavs ordenen for ”fortenestefull geistlig verksamheitt”. Det var i hans tid som prest at den nye kyrkja på Sund stod ferdig i 1877, samt kyrkja på Kausland, som stod ferdig i 1881. Kona Henriette døydde den 5 november 1880 og den 18 november 1883, tre år etter kona, døydde Johan Fritzner Greve og med han døydde også truleg den mest markante person i Sund kommune sin kristne og politiske historie.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Johan Fritzner Greve’s siste kvilestad. Menigheten i Sund reiste dette minne.

 

Kilde:

Bygdebok for Sund, Johannes Evensen Hummelsund.
Nordhordland medisinalbereting 1843