Elise og Knut er heime igjen
REISEBREV
No er dei komen heim att, Elise og Knut. Etter fleire månader i Afrika, Benin. Tenkjer Per og Jofrid er glad og litt letta.
Nye drakter og nytt hår
Eg trefte dei i ettermiddag heilt tilfeldig på flyet frå Oslo til Bergen. Dei var kraftig forseinka og nesten ukjennelige i nye drakter og med nytt hår. Flotte var dei og vakte nok litt oppsikt på si ferd. I morgon må det berre bli fisk til middag.
Litt fleire bilete her.