Anfin Rolandsen. Sokneprest i Sund 1587 – 1605.
Om Anfin Rolandsen er den første evangeliske prest til Sund etter reformasjonen veit me ikkje. Han var gift med Jøre Jensdatter, som døydde i Bergen i 1637. Dei hadde dottera Ingeborg, ho vart gift med Willum Hansen Guldager, som seinare vart sokneprest i Sund.

 

Morten Johannesen. Sokneprest i Sund 1606 – 1614.
Morten Johannesen finn me i 1605 som ”medtjener” i Sund. Han vart tilsett som sokneprest i Sund i 1606 og var i stillingen til han døydde 17 april 1614.

 

Willum Hansen Guldager. Sokneprest i Sund 1614 – 1630.
Willum Hansen Guldager skal væra fødd i 1555 i Bamle prestegjeld, der faren Hans Willumsen var klokkar. Han var frå 1592 personell kapellan i Sund og vart tilsett som sokneprest i Sund i 1614. Willum H. Guldager døydde 31 mai 1636 og etterlet seg dottera Johanna Margrethe som vart gift med Niels Jørgensen, han overtok som sokneprest i Sund.

 

Niels Jørgensen. Sokneprest i Sund 1630 – 1640.
Niels Jørgensen var frå 1615 personell kapellan i Sund. Han overtok som sokneprest i Sund i 1630, etter svigerfaren Willum H. Guldager, som nærmast måtte seia frå seg embetet på grunn av dårlig helse. Sokneprest Niels Jørgensen døydde våren 1640.

 

Søren Christensen Aarvig. Sokneprest i Sund 1640.
Søren Christensen Aarvig vart den 03 februar 1640 kalla av folket til sokneprest i Sund. Men då han enno ikkje hadde fylt 25 år, protesterte ein Thorbjørn Eriksen mot at Søren Chr. Aarvig skulle få stillinga. Det vart likevel til at Søren Chr. Aarvig fekk kallet, men han døydde av slag eit kvart år etter.

 

Anfin Johannesen Breder. Sokneprest i Sund 1640 – 1674.
Anfin Johannesen Breder var son til Johannes Breder, prest i Holmedal. Anfin J. Breder skal ha vore ein av dei første bygdemåls diktarane våre. Han skal ha skrive den kjente visa om ”Rabnabrudlopet i Kråkelund”. I Aftenposten i 1905 skriver professor Absalon Taranger, også han frå Sund, at det ikkje er riktig at Anfin J. Breder har skrive denne visa. Det me likevel kan slå fast er at Anfin J. Breder skreiv denne visa om til Sotra dialekt. Sokneprest Anfin Johannesen Breder døydde 15 mai 1677.

 

Søren Anfinsen Breder. Sokneprest i Sund 1674 – 1696.
Søren Anfindsen Breder var son til Anfin Johannesen Breder og han overtok som sokneprest i Sund då faren tok avskil i 1674. Søren var gift med Ida Christensdatter, dotter til rådmann Christen Bertelsen i Bergen. Søren og kona tok seg serskilt av dei spedalske i prestegjeldet og bygde i 1693 eit hospitalhus på prestegarden. Denne gav rom for ti spedalske lemer. Blant anna skal Dorthe Engelbretsdatter, Noregs første kvinnelege poet, ha underhaldt dei ulykkelige sjuke med song. Søren A. Breder eigde mange garder i Sund, blant anna Skoge, Skaga og Litle Sangolt. Søren A. Breder var sokneprest til 1696 og døydde året etter.

 

Magister Nicolai Stabel. Sokneprest i Sund 1696 – 1705.
Nicolai Stabel vart fødd i Bodø i 1666, der faren Brede Claussøn Stabel døydde som sokneprest i 1676. Mora var Titichen Nilsdotter Lindschow, ho vart gift oppatt med kirurg Jochum Moltzau i Bodø. Faren sin ettermann i Bodø, Jens A. Møinichen, tok til seg Nicolai som sin eigen son, underviste han og kosta på han universitetet. Nicolai tok magistergraden i 1696 og vart 04 april same året sokneprest i Sund. Men då han i ei sak med soknebarna sine tapte ein del av fisketienda, søkte han seg vekk frå Sund og vart i 1705 sokneprest til Eivindvik i Sogn, der han døydde i 1726. Han var gift med Cathrine Berends, som sat enkje etter mannen i 22 år, saman hadde dei 9 born, der to av dei vart prestar.

 

Otte Fredrik Warberg. Sokneprest i Sund 1705 – 1728.
Otte Fredrik Warberg vart tilsett i Sund den 18 mai 1705, der han virka som sokneprest fram til 1728, då han døydde. Otte Fredrik Warberg vart trulig graven ved Sund kyrkje, enkja Malene Chatrine Smith og barna flytta etter Otte sin død tilbake til Bergen.

 

Henrik à Møinichen. Sokneprest i Sund 1728 – 1740.
Henrik à Møinichen vart fødd i København i 1676. Faren var Jens à Møinichen, han døydde som sokneprest i Nykirken i Bergen. Mora var Magdalene Bredal, dotter til biskop Erik Bredal i Nidaros. Han var gift med Johanne Alida Bredal, dotter til sokneprest i Brønnøy på Helgeland, Peder Bredal. Dei hadde 11 born, 8 gutar og 3 jenter. Henrik sokneprest i Sund til han døydde i 1740.

 

Henrik Steuner. Sokneprest i Sund 1741 – 1748.
Henrik Steuner vart fødd på Fyn i Danmark i 1700 og vart sokneprest i Sund 1741. Han var gift to gonger og i første ekteskapet hadde han ein son som vart prest. Sokneprest Henrik Steuner døydde i 1750.

 

Henrik Mathias Gjertsen. Sokneprest i Sund 1748 – 1766.
Henrik Mathias Gjertsen var frå Akershus, han fekk 08 november 1748 kall som sokneprest i Sund. Han var gift med Elisabeth, dotter til sokneprest David Monrad i Gjerpen, dei hadde seks born saman. Ein av dei, David Monrad Gjertsen, vart seinare personell kapellan hos far sin i Sund. Henrik døydde 10 januar 1766, dei 10 siste åra han levde var han så godt som lam på høgre sida.

 

Magister Nathanael Sunde. Sokneprest i Sund 1766 – 1786.
Nathanael Sunde vart fødd 04 desember 1711 i Sogndal i Sogn, der faren Peder Sunde, var kyrkjesanger. Mora heitte Maren Gjedde. Nathanael var gift 1 gang i 1744 med Johanne Margrethe Seehus. 2 gang i 1754 med Margrethe Hansdatter Rødberg og 3 gang i 1761 med Maria Jensdatter Rennord. I 1754 vart han residerande kapellan i Sund, frå 1766 sokneprest. Han tok magistergraden i 1769 ved København universitet. Han var sokneprest i Sund fram til han døydde 20 januar 1786.

 

Philip Fleicher. Sokneprest i Sund 1787 – 1791.
Philip Fleicher vart fødd på garden Hesthammar i Kinsarvik. Han var son til sorenskrivar Johan Sechmann Fleicher og Catrine Geelmuyden. Philip var sokneprest i Sund fram til 1791, då han vart sokneprest i Nykirken i Bergen. Han var gift tre gongar, siste gong med dotter til biskop Ole Irgens i Bergen. I dei to første ekteskapa hadde han ti born, men ingen av dei vart prestar.

 

Hugo Frederik Hjorthøy. Sokneprest i Sund 1791 – 1812.
Hugo Frederik Hjorthøy vart fødd 09 mai 1741 på Klepp prestegard på Jæren, der faren med same namn var sokneprest. Mora var Inger Beate Scheuder. Han bytte kall med Philip Fleicher og kom til Sund desember 1791. Hugo var gift to gonger, der han i andre ekteskapet hadde fem born, ein av desse Hugo Laurentius, vart seinare i tre år personell kapellan hos faren i Sund. Hugo Frederik Hjorthøy døydde den 29 august 1812.

 

Andreas Dass Lund. Sokneprest i Sund 1813 – 1818.
Andreas Dass Lund vart fødd 26 mai 1774 på garden Halvardmo i Overhalla prestegjeld i Nord Trøndelag. Foreldra var kaptein Mathias Numsen Lund og Rebekka Angell Dass. Andreas D. Lund kom til Sund i 1813, men vart i 1818 residerande kapellan og to år seinare sokneprest i Overhalla. Han døydde 29 juni 1829.

 

Gerhard Geelmuyden Castberg. Sokneprest i Sund 1818 – 1820.
Gerhard Geelmuyden Castberg var gift med Anne Christine Blixenkrone Fleicher, dotter til sorenskrivar Michale Fleicher og Cathrine Wilhelmine Castberg. Då Fjell vart skilt frå Sund som eige prestegjeld i 1812, så var Castberg første presten i Fjell. Men i 1819 vart Fjell igjen slegen saman med Sund, då dei ikkje hadde naudsynt prestegard. Gerhard G. Castberg døydde i Sund desember 1820. Enkja budde i Sund lang tid etter at mannen døydde. Ho hadde det svært dårlig økonomisk, var sjuk og nedfor over sine kår. Ho vart enkje knapt 40 år gammal og sat som enkje i 21 år til ho døydde 09 mars 1841.

 

Ole Bech Moss. Sokneprest i Sund 1821 – 1826.
Ole Bech Moss vart fødd 26 august 1769. Faren var klokkar Nicolai Moss. Den 17 august 1821 tok han til som sokneprest i Sund, fire år etter som prost i Nordhordland. Alt i 1826 vart han utnemnt som sokneprest i Skedsmo. Ole Bech Moss var gift med Christine Ørbech Paus. Ho døydde medan han var på Lye, så han var enkjemann då han var i Sund. Dei hadde to gutar saman, som begge vart prestar. Ole Bach Moss døydde 09 november 1839.

 

Christian Bøschen. Sokneprest i Sund 1827 – 1832.
Christian Bøschen vart fødd 27 september 1779 i Bergen, der faren Mogens Bøschen var teologisk kandidat og klokkar i Korskirken. Mora var Christine Linde Knoph. Den 09 januar 1827 vart han utnemnt til sokneprest i Sund. Dessverre drukna Christian på Puddefjorden, då dei kullsegla på reis til Bergen 30 oktober 1832. Han skulle då til Bergen for å kjøpa dørlås til den nye prestebustaden på Sund.

 

Johan Fritzner Greve. Sokneprest i Sund 1833 – 1883.
Johan Fritzner Greve vart tilsett som sokneprest i Sund 27 desember 1833. Johan F. Greve vil me omtale i eitt eige innlegg. Han gjorde mykje godt for folket her i Sund og han var sokneprest i 50 år, samt at han var ordførar i Sund i 18 år.

Johan Fritzner Greve

 

 

 

 

Gunvald Chr. Berhard Thorkilden. Personell kapellan i Sund 1872 – 1877.
Det gjekk ei tid før det vart tilsett ny sokneprest i Sund etter Johan F. Greve, derfor fungerte personell kapellan Gunvald Christian Berhard Thorkildsen frå 1872 –1877. Gunvald Chr. B. Thorkildsen vart seinare sokneprest i Oddernes, før han vart biskop i Kristiansand stift.

Gunvald Chr. Berhard Thorkildsen

 

 

 

 

Johannes Siqveland. Personell kapellan i Sund 1878 – 1886. Trulig sokneprest i Sund 1886 – 1888.
Johannes Siqveland overtok som personell kapellan i Sund etter Gunvald Chr. B. Thorkildsen. Johannes vart trulig tilsett som sokneprest i Sund nokre år før han døydde. Johannes er gravlagd saman med sin kone på kyrkjegarden ved Sund kyrkje.

Johannes Siqveland

 

 

 

 

Mathias Wilhelm Eckhoff. Sokneprest i Sund 1888 – 1902.
Mathias Wilhelm Eckhoff vart fødd i Kristiansand 27 januar 1852. Han var gift tre gonger, først med Ferdinanda Emilie Kjerulff i 1880. Ho var fødd 29 januar 1852 og døydde 21 mai 1886. Andre gongen gifta han seg med Josefia Karine Svensson i 1888. Ho var fødd 16 desember 1862 og døydde 18 april 1899. Tredje gongen gifta han seg med Anna Rebekka Eckhoff i 1903. Ho var fødd 01 mars 1876. Mathias W. Eckhoff var med å starta Sund og Austevoll Sparebank. Han vart i 1902 sokneprest i Vestre Slidre i Valdres.

Mathias Wilhelm Eckhoff

 

 

 

Anton Elias Leere. Sokneprest i Sund 1902 – 1904.
Anton Elias Leere vart fødd i Ålesund 25 mars 1869, foreldre var skipstømmermann Rasmus Leere ( fødd 11 desember 1826, død 02 januar 1916) og Karoline Pedersdotter Standal (fødd 23 januar 1828, død 05 mars 1909). Anton E. Leere vart gift i Ålesund 03 januar 1895, med Julie Marie Strand, fødd i Moss 03 juli 1865, av foreldre sorenskrivar Hans Andreas Strand (fødd 07 juli 1817, død 17 januar 1894) og Julie Marie Cock (fødd 11 juli 1836, død 25 november 1872). Anton E. Leere vart kallskapellan i Haugesund 22 oktober 1904.

 

Thor Frette. Sokneprest i Sund 1904 – 1908.
Thor Frette vart fødd i Etne 21 september 1846, han vart gift i 1887 med Gabrielle Andrea Berg fødd 13 april 1856. Han vart sokneprest i Sund 1904 og både han og kona var gravlagd på kyrkjegarden ved Sund kyrkje.

Thor Frette

 

 

 

 

Peder Andersen Toft. Sokneprest i Sund 1909.
Peder Andersen Toft vart fødd på Toft i Sund den 28 januar 1861 av foreldre Anders Pedersen Toft (fødd 1828, død 1871) og Agathe Lerøen (fødd 1830, død 1871). Peder A. Andersen vart gift 01 april 1911 med Gyda Johanne Bye, fødd 19 juni 1860, av foreldre skipskaptein Peter Olaus Bye (fødd 03 februar 1820, død 07 november 1887) og Marit Øie (fødd 09 oktober 1820, død 08 august 1896).

 

Hans Thiis Leganger. Sokneprest i Sund 1910 – 1923.
Hans Thiis Leganger vart fødd i Sogndal 17 juli 1876 av foreldre sokneprest Samuel Leganger (fødd 21 juni 1822, død 16 mars 1897) og Otilia Johanne Martine Farup (fødd 24 april 1833, død 22 april 1911). Hans T. Leganger vart gift i Vik den 14 oktober 1902 med Anna Margrethe Lunde, fødd i Vik av foreldre oberstløytnant Oscar Gulband Johan Lunde (fødd 14 mars 1847) og Bartholine Eifemia Fürstenberg, fødd i Tillisch (fødd 20 juni 1850, død 16 juli 1881). Hans T. Leganger var ein sers dugande forkynnar, ein fin personlegdom og han var mykje elska av folket i Sund. Han vart utnemnt til sokneprest i Ås i 1923, der han vart verande fram til 1934, då han vart utnemnt til sokneprest i St. Petrus i Oslo. Her vart han verande til han døydde i 1942.

Hans Thiis Leganger

 

Arnt Lunde. Sokneprest i Sund 1923 – 1926.
Arnt Lunde vart fødd i Stavanger 11 desember 1894 av foreldre restauratør Johan Johannessen (fødd 1854) og Petre Pedrsdotter (fødd 12 april 1874). Men han reiste frå Sund i 1926, då han vart utnemnt til sokneprest i Fitjar.

Arnt Lunde

 

 

 

 

Salmund Djuvik. Sokneprest i Sund 1927 – 1939.
Salmund Djuvik vart fødd i Os den 28 februar 1904, av foreldre lærar og kyrkjesongar Jakob Andreas Djuvik (fødd 28 april 1875) og Maria født på Florvåg (fødd 22 oktober 1875). Salmund var student i 1921, cand theol. 1926 og han var Noregs yngste prest då han i 1927 vart konstituert som sokneprest til Sund. Han reiste frå Sund i 1939, då han vart utnemnt til sokneprest i Nes i Hallingdal.

Salmund Djuvik

 

 

 

Sverre Holtskog. Sokneprest i Sund 1940 – 1949.
Sverre Holtskog vart fødd i Skien den 26 juli 1905 av foreldre kjøpmann Sigurd Holtskog (fødd 26 mai 1876, død 21 januar 1941) og Olea fødd Riss (fødd 18 desember 1871, død 15 juli 1915). Sverre Holtskog vart gift i Skien den 24 juni 1934 med Sigrid Kvale, fødd i Vennesla 26 mars 1907, av foreldre fabrikkstyrar Anders Kvale (fødd 12 desember 1877) og Dina fødd Erklev (fødd 06 november 1876). Sverre Holskog var sokneprest i Sund under siste verdskrigen og hadde meir enn sin part av dei påkjenningar som det førde med seg å vera prest då. Sverre Holtskog hadde fire døttre og ein son. Han reiste i 1949 til Ramnes og deretter til Nes på Romerike.

Sverre Holtskog

 

 

Amund Frøysa. Sokneprest i Sund 1950 – 1972.
Amund Frøysa vart fødd 17 september 1902 i Sunnylven, av foreldre Nils Frøysa og Nikoline fødd Hole. Han vart gift i 1931 med Ester Pedersen, som var dotter til gardbrukar Mathias Pedersen og Helene Marie. Saman hadde dei dottera Anne-Marie. I september 1949 vart han utnemnt til sokneprest i Sund og overtok dette embetet 01 februar 1950. Amund Frøysa var sokneprest i Sund til han gjekk av med pensjon i 1972.

Amund Frøysa

 

 

 

Seinare sokneprestar i Sund.
# Ingvald Hageberg. Sokneprest i Sund 1973 – 1980.
# Egil Morland. Sokneprest i Sund 1981 – 1989.
# Leif Sæther. Sokneprest i Sund 1990 – 2001.
# Harald Grønnevik. Sokneprest i Sund 2002 -.

 

Kilde:
# Sund kirke gjennem 600 år, Sund meninghetsråd.
# Konrad Børnes