Korti den første kyrkja vart bygd i Sund er usikkert. Me veit at St. Ludvigs kapell på Tyssøy må ha vore oppført rundt på 1200-tallet eller 1300-talet. Mykje talar for at den første kyrkja har stått på Kyrkjeholmen, som ligger under garden Skaga. Kyrkjeholmen ligger sentralt til midt mellom bygdene i Skogsvåg, samt Hagenes, Tellnes, Dala og Trengereid. Kyrkja har nok vore ei lita bygdekyrkje og på den tida var båten framkomstmiddelet.
 
Den første kyrkja i Sund som me veit sikkert om, er St. Ludvigs kapell på Tyssøy, reist av kong Håkon Magnussen truleg i byrginga av 1300 talet. Kyrkja skal ha vore om lag 16 x 7 meter, med ein tårnfot på 3,5 x 3,5 meter. Kor lenge den kyrkja var i bruk og vart ståande er usikkert.

Biskop Haakon svarer den 17 april 1338 på Hr. Erling Vidkunnssöns brev om presten Benedikt i Rugsund, som han igjen har tatt til nåde og ”gefwit honum kirkiuna j. Sundi vnðir fialle sem hwalvager vaar er” . Dette tyder på at det ligg ei kyrkje i Sund på denne tida, men det er uklart kvar denne kyrkja ligg. Det me veit er at biskopen på den tida eigde kvalvågen i Skogsvåg og her ligg også Kyrkjeholmen under Haganesfjella. Om det har stått ei kyrkje på Kyrkjeholmen er uklart, men når namnet gir eit så eintydande svar og me veit storleiken på kapellet på Tyssøy, så kan det godt ha stått ei kyrkje på denne holmen. Kyrkjeholmen låg under garden Skaga og denne garden var krongods i tidlig tid, samt at like ved Kyrkjeholmen finn me Langskipsvikja, som også låg under garden Skaga, her var truleg opplagsplassen til leidangsskipet i Sartor skipreide. På denne tida var det båten som var transportmiddel og Kyrkjeholmen ligg i senter mellom bygdene rundt Skogsvågen, fjordarmen som kjem frå ”Grønningasund” eller Raunefjorden som den i dag heiter.

Kyrkjebøur på Færøyene.
Restane etter St. Magnus katedralen. Til venstre for katedralen ser vi ei typisk lita bygdekyrkje.

 

I ”Bergensk kalvskinn” frå 1300 talet nemnes også kyrkjebyggjarane Bottolf og Erling frå Skoge. Biskopen har tilsett dei for å byggja ny kyrkje. Dette er truleg den første kyrkja som blir bygd på garden Sund, truleg var dette ei stavkyrkje. Denne kyrkja var nok ei større kyrkje enn dei meir vanlige små bygdekyrkjene, som ein bygde tidligare.

Røldal Stavkyrkje. Truleg var det ei slik kyrkje som vart reist på Sund i 1330-talet

 

I 1674 står atter ei ny kyrkje ferdig på Sund, samtidig rives den gamle kyrkja. Den nye kyrkja er ein tømmer bygning (langkyrkje) med takpanner. Den har eitt stort tårn, der nedre delen brukast som våpenhus. I skipet er det faste stolar (lukka), mens dei på begge sider i koret er opne. Både skipet og i koret er det tykke tverrbjelkar med flat lem. Det øvste galleri er visstnok like gammalt som resten av kyrkja, men eitt litt lågare galleri vart tilbygd i seinare tid, dette vart kalla ”Songarstolen”, fordi den i førstninga var førebeheldt lærarane og deira elever, som saman med klokkaren skulle lede songen. I 1850 åra vart dette galleri nytta av alle og lærarane hadde sin plass i klokkarstolen, ved korveggens nordre side. Oppgangen til galleria var inne i kyrkja ved ei trapp på nordre side. På søndre side av inngangsdøra var ein stol som vart kalla ”Fonten”. Namnet kjem nok frå den tid då det var vanlig at døypefonten stod i våpenhuset eller nær kyrkjegangen i vest. Vindauga var små, blyinnfatta, i to sideordna rammer i kvar karm. På dei to midtre glasrutene, i ramma nærmast preikestolen, var det brent inn med sirlig skrift to namn. ”Sal. Mag. Engelbret” og ”Ambrosius Hardenbech”. Ambrosius Hardenbech var sokneprest til Domkirken i Bergen og hans hustru var diktar Dorothe Engelbretsdatter, ho gav eit nytt alterklede og alterduk til denne kyrkja.

Sund kyrkje bygd ferdig i 1674

 

I 1872 tok kommunestyret opp spørsmålet om bygging av ny kyrkje i Sund herad. Ein vart til slutt samde om å byggja ny kyrkje på Sund med 500 sitteplassar og eit kapell på Kausland med 250 sitteplassar. Grunnsteinen til den nye kyrkja på Sund vart nedlagt i 1876 og den stod ferdig 1877. Kyrkja vart oppført av firtomsplankar, som “blokkvegg” med fjære og avstøtta med femtoms støtter. Framme var den ytre bordforskaling nagla fast og forsynt med ytre og indre strekkfiskar, som var festa til veggene og støttene. Innvendig var plankeveggene høvla og heile kyrkja var inn og utvendig oljemalt. Tårnet var oppført som bindingsvegg. Taket var forskala med bord dekka med norsk skifer, mens i koret var det skotsk skifer. Alle vindauge var forarbeida med blyinnfatning, der midtarste korvindauge har eit glassmaleri ”Den gode hyrde”. Denne kyrkja skulle glede innbyggarane i Sund i over 100 år, men om morgonen den 13 mars 1994 vart Sund kyrkje totalskadd i ein brann, det var lite folk kunne gjæra då brannen vart oppdaga. Kyrkja brann heilt ned til grunnen og det aller meste av inventar og utstyr strauk med. Av det som vart berga var altersølvet frå 1877, som vart oppbevart i eit brannskap anskaffa eit år tidligare. Mange fellte tårer då dei såg den gamle kyrkja nedbrennt og debatten i ettertid synte kor kjær denne kyrkja hadde vore for kyrkjelyden.

Sund kyrkje. Bygd ferdig 1877, brann ned til grunnen i 1994

 

Den 6 januar 1877 vedtok kommunestyret at arbeidet med Kausland kapell kunne starta. Grunnarbeidet var ferdig 10 juli 1880 og den 16 juni 1881 vart Kausland kapell overlevert Sund kommunestyre. Det nye kapellet hadde plass til 250 menneske, men ettersom folketalet auka monaleg i Ytre Sund, så vart kapellet etterkvart for lite. Allereie i 1925 snakka ein om utvidig av kapellet, men det vart med oppussing. I 1929 var det på nytt snakk om utvidig av kapellet, men først i 1954 valde heradstyret ei nemd som skulle stå for oppussing og ei eventuell utvidig av Kausland kapell. Likevel skulle det først i slutten på 1957 bli gjort endelig vedtak om utbygging, men noen realisering av desse planane vart det likevel ikkje før i 1962, då eit utvida Kausland kapell endelig stod ferdig.

Kausland kapell bygd ferdig i 1881, utvida i 1962

 

Etter at kyrkja brann ned på Sund, starta raskt planarbeidet med å reisa ny kyrkje. Nye Sund kyrkje vart reist på branntomta til den gamle. Byggearbeidet starta opp den 3 mars 1996 og grunnsteinen vart lagt ned av biskop Ole D. Hagesæther den 25 august samme år. Denne gongen stettar kyrkja alle krav til brannforskrifter. Ho vert bygd i betong og tårnet blir forma som eitt fyrtårn sett frå sjøen. Den 18 mai 1997 på 1 pinsedag vert so den nye kyrkja på Sund innvigd og atter eingong kan kyrkjelyden i Sund samlast til gudtjeneste.

Sund kyrkje innvigd 18 mai 1997