Etter at det kom nye poststativ på Skoge og med mange års irritasjon over at det gamle buss-skuret var plassert for langt vekk frå hovudvegen, vart det fatta vedtak i velforeininga om at nytt buss-skur skulle setjast opp på garden. Det vart sendt søknad til Sund kommune om midlar til dette tiltaket og med god støtte frå kommunen var den økonomiske delen på plass. Fleire ulike løysningar vart lagt fram, men til slutt enda det opp med eit buss-skur laga i tre, som stod i stil med poststativa. Velforeininga vedtok at Joleiv R. Kallestad skulle vera prosjektleiar. Han henta først inn tilbod på nytt buss-skur og etter god dugnadsinnsats kom det nye skuret på plass. Dei i Neset hadde i lengre tid etterlyst eit buss-skur, slik at dei slapp stå ute når det regna. Slik vart det til at det gamle buss-skuret vart flytta ned til Neset. Det vart kjøpt inn maling og dei i Neset fekk utsmykka buss-skuret i eigen regi.

Prosjektet er blitt gjennomført til stor glede for innbyggarane og er no ferdig.