veilys-3Det å ha veglys gjennom ei bygd er eit kommunalt ansvar. Dette ansvar har Sund kommune ikkje tatt overfor innbyggarane på Skoge. Me ser at veglys blir montert på strekningar der det ikkje bur eitt menneske, mens bygdene rundt om ligger i mørke. Sett frå vår ståstad må dette vere ein stor feilprioritering. Innbyggjarane på Skoge har i mange år, lenge før velforeininga vart starta, prøvd gjennom stadige hendvendingar til kommunen å få veglys over Skoge. Det var først da velforeininga vart starta at arbeidet med veglysa tok til. Prosjektleiar var Oddvar M. Søreide og det første han gjorde var å dela inn utbygginga i fleire byggetrinn, da dette ville bli eit svært kostnadskrevjande arbeid. I dag ser ein svært gode resultat av dette arbeidet, det er no komme veglys over garden, men framleis gjenstår mykje arbeid.

Byggetrinn 1.

Dette var utbygging av veglys frå midt på Skoge, nedover Skogsbrekko og opp den nye gangvegen mot fylkesvegen. Arbeidet bestod i å reisa nye stolpar på dugnad, eit arbeid som vart utført med rå handemakt. Arbeidet gjekk likevel svært fort og i samarbeid med ein lokal elektroinstallatør vart arbeidet fullført og dei første lysa vart tente til alles glede.

Byggetrinn 2.

No var det lys frå der første byggetrinn slutta på Skoge og vestover til Trengereidtræ. Denne delen føregjekk på BKK sine stolpar og på grunn av forbod mot at andre enn BKK sine eigne folk kunne klatra i deira stolpar, så vart denne delen utført av BKK. Samtidig vart tilførselsanlegg til veglysa også oppgradert. Arbeidet vart tross trong økonomi gjennomført og lysa for resten av hovudvegen langs Skoge vart tennt.

Byggetrinn 3.

Det tredje byggetrinnet er å få veglys langs Paradisvegen, denne vegen er mykje brukt av skulebarn frå Skogestranda. Velforeininga har nå kjøpt inn utstyr som skal ligge under jorda, da dette anlegg er tenkt med jordkabel. Dette er gjort med bakgrunn i at det går ein jungel av svak og sterkstrømskablar langs vegen, men likevel så langt unna at ein ikkje kan ta i bruk eksisterande stolpar. Korti dette byggetrinn blir ferdig er eit økonomisk spørsmål, sjølv om kommunen har støtta velforeininga med midlar, så er kostnadane likevel så store at sluttdato er svært usikker.