ADVENT:
Søndag 2. desember, første søndag i advent, var det tenning av julegrana ved Skogsvåg ungdomshus. Det var kaldt og flott vinterver, med masse nysnø denne søndagen!

Passe oppmøte
Ein stad mellom 40 og 50 personar, med stort og smått, var møtt fram!
Julemusikk blei sett på, og faklar blei delt ut. Det blei haldt ein flott velkomsttale, om førjulstria – der ein blei minna på, om at ikkje alt behøver å skje før jul av ”program” – i barnehagar, skular og saman med slekt og kollegar. Inger Hagerups første adventsvers blei lest opp.

Deretter gjekk vi ein liten runde i fakkeltog,  og så var det litt juletregang.

Servering

Etterpå fekk vi koma inn i Vaagheim og varma oss . Det blei servert gløgg og peparkaker.
Og no blei det høve til å ta ein prat med nye og gamle naboar, før alle rusla heim, kvar til sitt.

Takk for eit fint arrangement!