{"id":903,"date":"2012-02-03T02:04:35","date_gmt":"2012-02-03T01:04:35","guid":{"rendered":"http:\/\/skogevel.no\/?page_id=903"},"modified":"2012-02-03T03:57:44","modified_gmt":"2012-02-03T02:57:44","slug":"sokneprestar-i-sund-etter-reformasjonen","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/skogevel.no\/?page_id=903","title":{"rendered":"&#8230; Sokneprestar i Sund etter reformasjonen"},"content":{"rendered":"<p><strong>Anfin Rolandsen. Sokneprest i Sund 1587 &#8211; 1605.<\/strong><br \/>\nOm Anfin Rolandsen er den f\u00f8rste evangeliske prest til Sund etter reformasjonen veit me ikkje. Han var gift med J\u00f8re Jensdatter, som d\u00f8ydde i Bergen i 1637. Dei hadde dottera Ingeborg, ho vart gift med Willum Hansen Guldager, som seinare vart sokneprest i Sund.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong>Morten Johannesen. Sokneprest i Sund 1606 &#8211; 1614.<\/strong><br \/>\nMorten Johannesen finn me i 1605 som \u201dmedtjener\u201d i Sund. Han vart tilsett som sokneprest i Sund i 1606 og var i stillingen til han d\u00f8ydde 17 april 1614.<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong>Willum Hansen Guldager. Sokneprest i Sund 1614 &#8211; 1630.<\/strong><br \/>\nWillum Hansen Guldager skal v\u00e6ra f\u00f8dd i 1555 i Bamle prestegjeld, der faren Hans Willumsen var klokkar. Han var fr\u00e5 1592 personell kapellan i Sund og vart tilsett som sokneprest i Sund i 1614. Willum H. Guldager d\u00f8ydde 31 mai 1636 og etterlet seg dottera Johanna Margrethe som vart gift med Niels J\u00f8rgensen, han overtok som sokneprest i Sund.<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong>Niels J\u00f8rgensen. Sokneprest i Sund 1630 &#8211; 1640.<\/strong><br \/>\nNiels J\u00f8rgensen var fr\u00e5 1615 personell kapellan i Sund. Han overtok som sokneprest i Sund i 1630, etter svigerfaren Willum H. Guldager, som n\u00e6rmast m\u00e5tte seia fr\u00e5 seg embetet p\u00e5 grunn av d\u00e5rlig helse. Sokneprest Niels J\u00f8rgensen d\u00f8ydde v\u00e5ren 1640.<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong>S\u00f8ren Christensen Aarvig. Sokneprest i Sund 1640.<\/strong><br \/>\nS\u00f8ren Christensen Aarvig vart den 03 februar 1640 kalla av folket til sokneprest i Sund. Men d\u00e5 han enno ikkje hadde fylt 25 \u00e5r, protesterte ein Thorbj\u00f8rn Eriksen mot at S\u00f8ren Chr. Aarvig skulle f\u00e5 stillinga. Det vart likevel til at S\u00f8ren Chr. Aarvig fekk kallet, men han d\u00f8ydde av slag eit kvart \u00e5r etter.<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong>Anfin Johannesen Breder. Sokneprest i Sund 1640 &#8211; 1674.<\/strong><br \/>\nAnfin Johannesen Breder var son til Johannes Breder, prest i Holmedal. Anfin J. Breder skal ha vore ein av dei f\u00f8rste bygdem\u00e5ls diktarane v\u00e5re. Han skal ha skrive den kjente visa om \u201dRabnabrudlopet i Kr\u00e5kelund\u201d. I Aftenposten i 1905 skriver professor Absalon Taranger, ogs\u00e5 han fr\u00e5 Sund, at det ikkje er riktig at Anfin J. Breder har skrive denne visa. Det me likevel kan sl\u00e5 fast er at Anfin J. Breder skreiv denne visa om til Sotra dialekt. Sokneprest Anfin Johannesen Breder d\u00f8ydde 15 mai 1677.<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong>S\u00f8ren Anfinsen Breder. Sokneprest i Sund 1674 \u2013 1696.<\/strong><br \/>\nS\u00f8ren Anfindsen Breder var son til Anfin Johannesen Breder og han overtok som sokneprest i Sund d\u00e5 faren tok avskil i 1674. S\u00f8ren var gift med Ida Christensdatter, dotter til r\u00e5dmann Christen Bertelsen i Bergen. S\u00f8ren og kona tok seg serskilt av dei spedalske i prestegjeldet og bygde i 1693 eit hospitalhus p\u00e5 prestegarden. Denne gav rom for ti spedalske lemer. Blant anna skal Dorthe Engelbretsdatter, Noregs f\u00f8rste kvinnelege poet, ha underhaldt dei ulykkelige sjuke med song. S\u00f8ren A. Breder eigde mange garder i Sund, blant anna Skoge, Skaga og Litle Sangolt. S\u00f8ren A. Breder var sokneprest til 1696 og d\u00f8ydde \u00e5ret etter.<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong>Magister Nicolai Stabel. Sokneprest i Sund 1696 \u2013 1705.<\/strong><br \/>\nNicolai Stabel vart f\u00f8dd i Bod\u00f8 i 1666, der faren Brede Clauss\u00f8n Stabel d\u00f8ydde som sokneprest i 1676. Mora var Titichen Nilsdotter Lindschow, ho vart gift oppatt med kirurg Jochum Moltzau i Bod\u00f8. Faren sin ettermann i Bod\u00f8, Jens A. M\u00f8inichen, tok til seg Nicolai som sin eigen son, underviste han og kosta p\u00e5 han universitetet. Nicolai tok magistergraden i 1696 og vart 04 april same \u00e5ret sokneprest i Sund. Men d\u00e5 han i ei sak med soknebarna sine tapte ein del av fisketienda, s\u00f8kte han seg vekk fr\u00e5 Sund og vart i 1705 sokneprest til Eivindvik i Sogn, der han d\u00f8ydde i 1726. Han var gift med Cathrine Berends, som sat enkje etter mannen i 22 \u00e5r, saman hadde dei 9 born, der to av dei vart prestar.<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong>Otte Fredrik Warberg. Sokneprest i Sund 1705 \u2013 1728.<\/strong><br \/>\nOtte Fredrik Warberg vart tilsett i Sund den 18 mai 1705, der han virka som sokneprest fram til 1728, d\u00e5 han d\u00f8ydde. Otte Fredrik Warberg vart trulig graven ved Sund kyrkje, enkja Malene Chatrine Smith og barna flytta etter Otte sin d\u00f8d tilbake til Bergen.<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong>Henrik \u00e0 M\u00f8inichen. Sokneprest i Sund 1728 \u2013 1740.<\/strong><br \/>\nHenrik \u00e0 M\u00f8inichen vart f\u00f8dd i K\u00f8benhavn i 1676. Faren var Jens \u00e0 M\u00f8inichen, han d\u00f8ydde som sokneprest i Nykirken i Bergen. Mora var Magdalene Bredal, dotter til biskop Erik Bredal i Nidaros. Han var gift med Johanne Alida Bredal, dotter til sokneprest i Br\u00f8nn\u00f8y p\u00e5 Helgeland, Peder Bredal. Dei hadde 11 born, 8 gutar og 3 jenter. Henrik sokneprest i Sund til han d\u00f8ydde i 1740.<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong>Henrik Steuner. Sokneprest i Sund 1741 \u2013 1748.<\/strong><br \/>\nHenrik Steuner vart f\u00f8dd p\u00e5 Fyn i Danmark i 1700 og vart sokneprest i Sund 1741. Han var gift to gonger og i f\u00f8rste ekteskapet hadde han ein son som vart prest. Sokneprest Henrik Steuner d\u00f8ydde i 1750.<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong>Henrik Mathias Gjertsen. Sokneprest i Sund 1748 \u2013 1766.<\/strong><br \/>\nHenrik Mathias Gjertsen var fr\u00e5 Akershus, han fekk 08 november 1748 kall som sokneprest i Sund. Han var gift med Elisabeth, dotter til sokneprest David Monrad i Gjerpen, dei hadde seks born saman. Ein av dei, David Monrad Gjertsen, vart seinare personell kapellan hos far sin i Sund. Henrik d\u00f8ydde 10 januar 1766, dei 10 siste \u00e5ra han levde var han s\u00e5 godt som lam p\u00e5 h\u00f8gre sida.<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong>Magister Nathanael Sunde. Sokneprest i Sund 1766 \u2013 1786.<\/strong><br \/>\nNathanael Sunde vart f\u00f8dd 04 desember 1711 i Sogndal i Sogn, der faren Peder Sunde, var kyrkjesanger. Mora heitte Maren Gjedde. Nathanael var gift 1 gang i 1744 med Johanne Margrethe Seehus. 2 gang i 1754 med Margrethe Hansdatter R\u00f8dberg og 3 gang i 1761 med Maria Jensdatter Rennord. I 1754 vart han residerande kapellan i Sund, fr\u00e5 1766 sokneprest. Han tok magistergraden i 1769 ved K\u00f8benhavn universitet. Han var sokneprest i Sund fram til han d\u00f8ydde 20 januar 1786.<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong>Philip Fleicher. Sokneprest i Sund 1787 \u2013 1791.<\/strong><br \/>\nPhilip Fleicher vart f\u00f8dd p\u00e5 garden Hesthammar i Kinsarvik. Han var son til sorenskrivar Johan Sechmann Fleicher og Catrine Geelmuyden. Philip var sokneprest i Sund fram til 1791, d\u00e5 han vart sokneprest i Nykirken i Bergen. Han var gift tre gongar, siste gong med dotter til biskop Ole Irgens i Bergen. I dei to f\u00f8rste ekteskapa hadde han ti born, men ingen av dei vart prestar.<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong>Hugo Frederik Hjorth\u00f8y. Sokneprest i Sund 1791 \u2013 1812.<\/strong><br \/>\nHugo Frederik Hjorth\u00f8y vart f\u00f8dd 09 mai 1741 p\u00e5 Klepp prestegard p\u00e5 J\u00e6ren, der faren med same namn var sokneprest. Mora var Inger Beate Scheuder. Han bytte kall med Philip Fleicher og kom til Sund desember 1791. Hugo var gift to gonger, der han i andre ekteskapet hadde fem born, ein av desse Hugo Laurentius, vart seinare i tre \u00e5r personell kapellan hos faren i Sund. Hugo Frederik Hjorth\u00f8y d\u00f8ydde den 29 august 1812.<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong>Andreas Dass Lund. Sokneprest i Sund 1813 \u2013 1818.<\/strong><br \/>\nAndreas Dass Lund vart f\u00f8dd 26 mai 1774 p\u00e5 garden Halvardmo i Overhalla prestegjeld i Nord Tr\u00f8ndelag. Foreldra var kaptein Mathias Numsen Lund og Rebekka Angell Dass. Andreas D. Lund kom til Sund i 1813, men vart i 1818 residerande kapellan og to \u00e5r seinare sokneprest i Overhalla. Han d\u00f8ydde 29 juni 1829.<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong>Gerhard Geelmuyden Castberg. Sokneprest i Sund 1818 \u2013 1820.<\/strong><br \/>\nGerhard Geelmuyden Castberg var gift med Anne Christine Blixenkrone Fleicher, dotter til sorenskrivar Michale Fleicher og Cathrine Wilhelmine Castberg. D\u00e5 Fjell vart skilt fr\u00e5 Sund som eige prestegjeld i 1812, s\u00e5 var Castberg f\u00f8rste presten i Fjell. Men i 1819 vart Fjell igjen slegen saman med Sund, d\u00e5 dei ikkje hadde naudsynt prestegard. Gerhard G. Castberg d\u00f8ydde i Sund desember 1820. Enkja budde i Sund lang tid etter at mannen d\u00f8ydde. Ho hadde det sv\u00e6rt d\u00e5rlig \u00f8konomisk, var sjuk og nedfor over sine k\u00e5r. Ho vart enkje knapt 40 \u00e5r gammal og sat som enkje i 21 \u00e5r til ho d\u00f8ydde 09 mars 1841.<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong>Ole Bech Moss. Sokneprest i Sund 1821 \u2013 1826.<\/strong><br \/>\nOle Bech Moss vart f\u00f8dd 26 august 1769. Faren var klokkar Nicolai Moss. Den 17 august 1821 tok han til som sokneprest i Sund, fire \u00e5r etter som prost i Nordhordland. Alt i 1826 vart han utnemnt som sokneprest i Skedsmo. Ole Bech Moss var gift med Christine \u00d8rbech Paus. Ho d\u00f8ydde medan han var p\u00e5 Lye, s\u00e5 han var enkjemann d\u00e5 han var i Sund. Dei hadde to gutar saman, som begge vart prestar. Ole Bach Moss d\u00f8ydde 09 november 1839.<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong>Christian B\u00f8schen. Sokneprest i Sund 1827 \u2013 1832.<\/strong><br \/>\nChristian B\u00f8schen vart f\u00f8dd 27 september 1779 i Bergen, der faren Mogens B\u00f8schen var teologisk kandidat og klokkar i Korskirken. Mora var Christine Linde Knoph. Den 09 januar 1827 vart han utnemnt til sokneprest i Sund. Dessverre drukna Christian p\u00e5 Puddefjorden, d\u00e5 dei kullsegla p\u00e5 reis til Bergen 30 oktober 1832. Han skulle d\u00e5 til Bergen for \u00e5 kj\u00f8pa d\u00f8rl\u00e5s til den nye prestebustaden p\u00e5 Sund.<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong>Johan Fritzner Greve. Sokneprest i Sund 1833 \u2013 1883.<\/strong><br \/>\n<a href=\"http:\/\/skogevel.no\/?attachment_id=923\" rel=\"attachment wp-att-923\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft size-full wp-image-923\" title=\"JohanFritznerGreve\" src=\"http:\/\/skogevel.no\/wp-content\/uploads\/JohanFritznerGreve.gif\" alt=\"\" width=\"153\" height=\"215\" \/><\/a>Johan Fritzner Greve vart tilsett som sokneprest i Sund 27 desember 1833. Johan F. Greve vil me omtale i eitt eige innlegg. Han gjorde mykje godt for folket her i Sund og han var sokneprest i 50 \u00e5r, samt at han var ordf\u00f8rar i Sund i 18 \u00e5r.<\/p>\n<p><em>Johan Fritzner Greve<\/em><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong>Gunvald Chr. Berhard Thorkilden. Personell kapellan i Sund 1872 \u2013 1877.<\/strong><br \/>\n<a href=\"http:\/\/skogevel.no\/?attachment_id=922\" rel=\"attachment wp-att-922\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft size-full wp-image-922\" title=\"GunvaldThorkildsen\" src=\"http:\/\/skogevel.no\/wp-content\/uploads\/GunvaldThorkildsen.gif\" alt=\"\" width=\"145\" height=\"215\" \/><\/a>Det gjekk ei tid f\u00f8r det vart tilsett ny sokneprest i Sund etter Johan F. Greve, derfor fungerte personell kapellan Gunvald Christian Berhard Thorkildsen fr\u00e5 1872 \u20131877. Gunvald Chr. B. Thorkildsen vart seinare sokneprest i Oddernes, f\u00f8r han vart biskop i Kristiansand stift.<\/p>\n<p><em>Gunvald Chr. Berhard Thorkildsen<\/em><\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong>Johannes Siqveland. Personell kapellan i Sund 1878 \u2013 1886. Trulig sokneprest i Sund 1886 &#8211; 1888.<\/strong><br \/>\n<a href=\"http:\/\/skogevel.no\/?attachment_id=921\" rel=\"attachment wp-att-921\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft size-full wp-image-921\" title=\"JohannesSiqveland\" src=\"http:\/\/skogevel.no\/wp-content\/uploads\/JohannesSiqveland.gif\" alt=\"\" width=\"142\" height=\"215\" \/><\/a>Johannes Siqveland overtok som personell kapellan i Sund etter Gunvald Chr. B. Thorkildsen. Johannes vart trulig tilsett som sokneprest i Sund nokre \u00e5r f\u00f8r han d\u00f8ydde. Johannes er gravlagd saman med sin kone p\u00e5 kyrkjegarden ved Sund kyrkje.<\/p>\n<p><em>Johannes Siqveland<\/em><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong>Mathias Wilhelm Eckhoff. Sokneprest i Sund 1888 \u2013 1902.<\/strong><br \/>\n<a href=\"http:\/\/skogevel.no\/?attachment_id=920\" rel=\"attachment wp-att-920\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft size-full wp-image-920\" title=\"M.W.Eckhoff\" src=\"http:\/\/skogevel.no\/wp-content\/uploads\/M.W.Eckhoff.gif\" alt=\"\" width=\"151\" height=\"215\" \/><\/a>Mathias Wilhelm Eckhoff vart f\u00f8dd i Kristiansand 27 januar 1852. Han var gift tre gonger, f\u00f8rst med Ferdinanda Emilie Kjerulff i 1880. Ho var f\u00f8dd 29 januar 1852 og d\u00f8ydde 21 mai 1886. Andre gongen gifta han seg med Josefia Karine Svensson i 1888. Ho var f\u00f8dd 16 desember 1862 og d\u00f8ydde 18 april 1899. Tredje gongen gifta han seg med Anna Rebekka Eckhoff i 1903. Ho var f\u00f8dd 01 mars 1876. Mathias W. Eckhoff var med \u00e5 starta Sund og Austevoll Sparebank. Han vart i 1902 sokneprest i Vestre Slidre i Valdres.<\/p>\n<p><em>Mathias Wilhelm Eckhoff<\/em><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong>Anton Elias Leere. Sokneprest i Sund 1902 \u2013 1904.<\/strong><br \/>\nAnton Elias Leere vart f\u00f8dd i \u00c5lesund 25 mars 1869, foreldre var skipst\u00f8mmermann Rasmus Leere ( f\u00f8dd 11 desember 1826, d\u00f8d 02 januar 1916) og Karoline Pedersdotter Standal (f\u00f8dd 23 januar 1828, d\u00f8d 05 mars 1909). Anton E. Leere vart gift i \u00c5lesund 03 januar 1895, med Julie Marie Strand, f\u00f8dd i Moss 03 juli 1865, av foreldre sorenskrivar Hans Andreas Strand (f\u00f8dd 07 juli 1817, d\u00f8d 17 januar 1894) og Julie Marie Cock (f\u00f8dd 11 juli 1836, d\u00f8d 25 november 1872). Anton E. Leere vart kallskapellan i Haugesund 22 oktober 1904.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong>Thor Frette. Sokneprest i Sund 1904 \u2013 1908.<\/strong><br \/>\n<a href=\"http:\/\/skogevel.no\/?attachment_id=919\" rel=\"attachment wp-att-919\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft size-full wp-image-919\" title=\"ThorFrette\" src=\"http:\/\/skogevel.no\/wp-content\/uploads\/ThorFrette.gif\" alt=\"\" width=\"156\" height=\"215\" \/><\/a>Thor Frette vart f\u00f8dd i Etne 21 september 1846, han vart gift i 1887 med Gabrielle Andrea Berg f\u00f8dd 13 april 1856. Han vart sokneprest i Sund 1904 og b\u00e5de han og kona var gravlagd p\u00e5 kyrkjegarden ved Sund kyrkje.<\/p>\n<p><em>Thor Frette<\/em><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong>Peder Andersen Toft. Sokneprest i Sund 1909.<\/strong><br \/>\nPeder Andersen Toft vart f\u00f8dd p\u00e5 Toft i Sund den 28 januar 1861 av foreldre Anders Pedersen Toft (f\u00f8dd 1828, d\u00f8d 1871) og Agathe Ler\u00f8en (f\u00f8dd 1830, d\u00f8d 1871). Peder A. Andersen vart gift 01 april 1911 med Gyda Johanne Bye, f\u00f8dd 19 juni 1860, av foreldre skipskaptein Peter Olaus Bye (f\u00f8dd 03 februar 1820, d\u00f8d 07 november 1887) og Marit \u00d8ie (f\u00f8dd 09 oktober 1820, d\u00f8d 08 august 1896).<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong>Hans Thiis Leganger. Sokneprest i Sund 1910 \u2013 1923.<\/strong><br \/>\n<a href=\"http:\/\/skogevel.no\/?attachment_id=918\" rel=\"attachment wp-att-918\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft size-full wp-image-918\" title=\"HansT.Leganger\" src=\"http:\/\/skogevel.no\/wp-content\/uploads\/HansT.Leganger.gif\" alt=\"\" width=\"158\" height=\"215\" \/><\/a>Hans Thiis Leganger vart f\u00f8dd i Sogndal 17 juli 1876 av foreldre sokneprest Samuel Leganger (f\u00f8dd 21 juni 1822, d\u00f8d 16 mars 1897) og Otilia Johanne Martine Farup (f\u00f8dd 24 april 1833, d\u00f8d 22 april 1911). Hans T. Leganger vart gift i Vik den 14 oktober 1902 med Anna Margrethe Lunde, f\u00f8dd i Vik av foreldre oberstl\u00f8ytnant Oscar Gulband Johan Lunde (f\u00f8dd 14 mars 1847) og Bartholine Eifemia F\u00fcrstenberg, f\u00f8dd i Tillisch (f\u00f8dd 20 juni 1850, d\u00f8d 16 juli 1881). Hans T. Leganger var ein sers dugande forkynnar, ein fin personlegdom og han var mykje elska av folket i Sund. Han vart utnemnt til sokneprest i \u00c5s i 1923, der han vart verande fram til 1934, d\u00e5 han vart utnemnt til sokneprest i St. Petrus i Oslo. Her vart han verande til han d\u00f8ydde i 1942.<\/p>\n<p><em>Hans Thiis Leganger<\/em><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong>Arnt Lunde. Sokneprest i Sund 1923 \u2013 1926.<\/strong><br \/>\n<a href=\"http:\/\/skogevel.no\/?attachment_id=917\" rel=\"attachment wp-att-917\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft size-full wp-image-917\" title=\"ArntLunde\" src=\"http:\/\/skogevel.no\/wp-content\/uploads\/ArntLunde.gif\" alt=\"\" width=\"151\" height=\"215\" \/><\/a>Arnt Lunde vart f\u00f8dd i Stavanger 11 desember 1894 av foreldre restaurat\u00f8r Johan Johannessen (f\u00f8dd 1854) og Petre Pedrsdotter (f\u00f8dd 12 april 1874). Men han reiste fr\u00e5 Sund i 1926, d\u00e5 han vart utnemnt til sokneprest i Fitjar.<\/p>\n<p><em>Arnt Lunde<\/em><\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong><\/strong>\u00a0<\/p>\n<p><strong>Salmund Djuvik. Sokneprest i Sund 1927 \u2013 1939.<\/strong><br \/>\n<a href=\"http:\/\/skogevel.no\/?attachment_id=916\" rel=\"attachment wp-att-916\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft size-full wp-image-916\" title=\"SalmundDjuvik\" src=\"http:\/\/skogevel.no\/wp-content\/uploads\/SalmundDjuvik.gif\" alt=\"\" width=\"162\" height=\"215\" \/><\/a>Salmund Djuvik vart f\u00f8dd i Os den 28 februar 1904, av foreldre l\u00e6rar og kyrkjesongar Jakob Andreas Djuvik (f\u00f8dd 28 april 1875) og Maria f\u00f8dt p\u00e5 Florv\u00e5g (f\u00f8dd 22 oktober 1875). Salmund var student i 1921, cand theol. 1926 og han var Noregs yngste prest d\u00e5 han i 1927 vart konstituert som sokneprest til Sund. Han reiste fr\u00e5 Sund i 1939, d\u00e5 han vart utnemnt til sokneprest i Nes i Hallingdal.<\/p>\n<p><em>Salmund Djuvik<\/em><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong>Sverre Holtskog. Sokneprest i Sund 1940 \u2013 1949.<\/strong><br \/>\n<a href=\"http:\/\/skogevel.no\/?attachment_id=915\" rel=\"attachment wp-att-915\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft size-full wp-image-915\" title=\"SverreHoltskog\" src=\"http:\/\/skogevel.no\/wp-content\/uploads\/SverreHoltskog1.gif\" alt=\"\" width=\"162\" height=\"215\" \/><\/a>Sverre Holtskog vart f\u00f8dd i Skien den 26 juli 1905 av foreldre kj\u00f8pmann Sigurd Holtskog (f\u00f8dd 26 mai 1876, d\u00f8d 21 januar 1941) og Olea f\u00f8dd Riss (f\u00f8dd 18 desember 1871, d\u00f8d 15 juli 1915). Sverre Holtskog vart gift i Skien den 24 juni 1934 med Sigrid Kvale, f\u00f8dd i Vennesla 26 mars 1907, av foreldre fabrikkstyrar Anders Kvale (f\u00f8dd 12 desember 1877) og Dina f\u00f8dd Erklev (f\u00f8dd 06 november 1876). Sverre Holskog var sokneprest i Sund under siste verdskrigen og hadde meir enn sin part av dei p\u00e5kjenningar som det f\u00f8rde med seg \u00e5 vera prest d\u00e5. Sverre Holtskog hadde fire d\u00f8ttre og ein son. Han reiste i 1949 til Ramnes og deretter til Nes p\u00e5 Romerike.<\/p>\n<p><em>Sverre Holtskog<\/em><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong>Amund Fr\u00f8ysa. Sokneprest i Sund 1950 \u2013 1972.<\/strong><br \/>\n<a href=\"http:\/\/skogevel.no\/?attachment_id=914\" rel=\"attachment wp-att-914\"><img decoding=\"async\" class=\"alignleft size-full wp-image-914\" title=\"AmundFroysa\" src=\"http:\/\/skogevel.no\/wp-content\/uploads\/AmundFroysa1.gif\" alt=\"\" width=\"155\" height=\"215\" \/><\/a>Amund Fr\u00f8ysa vart f\u00f8dd 17 september 1902 i Sunnylven, av foreldre Nils Fr\u00f8ysa og Nikoline f\u00f8dd Hole. Han vart gift i 1931 med Ester Pedersen, som var dotter til gardbrukar Mathias Pedersen og Helene Marie. Saman hadde dei dottera Anne-Marie. I september 1949 vart han utnemnt til sokneprest i Sund og overtok dette embetet 01 februar 1950. Amund Fr\u00f8ysa var sokneprest i Sund til han gjekk av med pensjon i 1972.<\/p>\n<p><em>Amund Fr\u00f8ysa<\/em><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Seinare sokneprestar i Sund.<br \/>\n# <strong>Ingvald Hageberg. Sokneprest i Sund 1973 &#8211; 1980.<\/strong><br \/>\n# <strong>Egil Morland. Sokneprest i Sund 1981 &#8211; 1989.<\/strong><br \/>\n# <strong>Leif S\u00e6ther. Sokneprest i Sund 1990 &#8211; 2001.<\/strong><br \/>\n# <strong>Harald Gr\u00f8nnevik. Sokneprest i Sund 2002 -.<\/strong><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Kilde:<br \/>\n# Sund kirke gjennem 600 \u00e5r, Sund meninghetsr\u00e5d.<br \/>\n# Konrad B\u00f8rnes<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Anfin Rolandsen. Sokneprest i Sund 1587 &#8211; 1605. Om Anfin  [&#8230;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"parent":0,"menu_order":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","template":"no_sidebars.php","meta":{"footnotes":""},"class_list":["post-903","page","type-page","status-publish","hentry"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/skogevel.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/903","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/skogevel.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages"}],"about":[{"href":"https:\/\/skogevel.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/page"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/skogevel.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/skogevel.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=903"}],"version-history":[{"count":16,"href":"https:\/\/skogevel.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/903\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":938,"href":"https:\/\/skogevel.no\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/pages\/903\/revisions\/938"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/skogevel.no\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=903"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}