VANN OG AVLØP
Ved innkjørselen til Midstegen/Skogestranda foregår det for tiden sprenge- og gravearbeid. Det er mange som lurer på hva dette skal «bli». Skoge Vel sendte spørsmålet til ØyVAR AS og fikk kjapt svar.

Fagsjef VA  i ØyVAR AS, Stig Hagenes, skriver i svaret:

«I samband med utbetring av vegtilhøva i Skogsvågkrysset og nærområdet rundt, skal det leggjast nye vatn- og avløpsleidningar langs dei nye vegane. Dette for å leggja til rette for framtidige behov, auka kapasiteten i området, samt sikra ei meir robust drift.

I tillegg til nye va-leidningar skal det byggjast eit nytt avløpsreinseanlegg i Midtstegen med ny pumpeleidning for avløp gjennom Skogsvatnet. Med det vil vi avlaste dagens avløpsreinseanlegg på Skaga og auke kapasiteten i Skogsvågområdet. Det vil også kome ein ny vassleidning gjennom Skogsvatnet. Dette for i første omgang å sikre vasstilførselen under anleggsarbeidet, men på sikt også sikre hovudforsyninga vår nord/sør, samt ringleidning i sentrumsområdet.

Totalt sett vil arbeidet i Skogsvågområdet vere starten på ei langsiktig va-løysing både lokalt og mot ei komande samankopling til vassverka i dei nordlege delane av kommunen.»

Skoge Vel takker for tilbakemelding og god, utfyllende informasjon.

OBS: For ikke å skape forvirring. «Krysset» heter Skogsskiftet.