Skoge ligg i Sund kommune på øya Sotra og tilhøyrer krinsen Skogsvåg. Bygda ligg vakkert ved sjøen, på austsida av Sotra, med utsyn mot Raunefjorden. På sjølve garden bur det nærmare 90 menneske, tar me med dei nye byggefelta Skogestranda og Skogsskiftet, som var deler av utmarka til Skoge, så bur det nærmare 400 menneske her. Frå Skoge til Bergen sentrum er avstanden omlag 30 kilometer.

Motiv fra midtre og nordre delen av skoge

Motiv fra midtre og nordre delen av skoge

Skoge er ei av dei eldste bygdene på Sotra og er allereie på 1300-talet nemnt i Bergensk Kalvskinn, som er ei jordebok for biskopen i Bergen. Det var biskopen i Bergen som på den tida eigde Skoge-garden, etter reformasjonen i 1537 overtok Kongen sjølv jorda og bygda vart dermed krongods. I 1693 vart bygdas leiglendingar blant dei første på Sotra som vart sjølveigarar. Bygda var tidlig på 1600-talet og fram til midten på 1700-talet tingstad i det gamle Sotra skipreide, som bestod av øya Sotra og Ytrebygda i Fana. Den gamle skipreideordninga varte like fram til kommuneinndelinga på 1800-talet.

Motiv fra søndre delen av Skoge

Motiv fra søndre delen av Skoge

Skogsvåg er kjent for sin spesielle kvalfangst, der kvalen frå tidlig tid vart innesperra i Kvalvågen og skutt med giftpilar, ein nokså unik måte å fanga kval på i verdssamanheng. Kvalen vart etter nokre dagar svekka av giftpilene, slik at fangstmennene kom inn på den med skuttelen, ein kasteharpun. I skuttelen var det festa tau med ei tønne i andre enden, tønna synte kvar kvalen var til einkvar tid. Kvalen vart dregen opp på Kvalvollen, der den vart partert etter eit sinnrikt delingssystem. Kvalvollen var freda og dei som laga bråk innanfor vollen, fekk ikkje ta del i fangsten.

Kvalfangst i Skogsvåg

Kvalfangst i Skogsvåg

Opp gjennom tida har denne bygda livnært seg på fiske og jordbruk, og i tidlig tid rodde dei minst to gongar i veka til Fisketorget i Bergen. På slutten av 1800-talet vart det bygd dampskipskai, ein av dei første dampskipskaier i Sund kommune. Dei gamle fjordabåtane gjekk til Skoge like fram til 1952, då det vart opna ny veg. Då vegen stod ferdig vart mange av dei som budde her ute vekependlarar, som reiste til Bergen. Stadig auka standard på veg og kommunikasjon, gjorde at folk etterkvart vart dagpendlarar. Etter at Sotrabrua vart opna av hans majestet Kong Olav V i 1972, vart avstanden til Bergen enda kortare og i dag tar det berre ein ½ time til sentrum.

Kong Olav V  på veg over Skoge etter å ha opna Sotrabrua

Kong Olav V på veg over Skoge etter å ha opna Sotrabrua

Skoge har opp gjennom tida vært ei av dei mest aktive bygdene på Sotra politisk sett. Slik bygda eingang var hovudsete i det gamle Sotra skipreide, er den igjen blitt hovudsete i Sund kommune. I Skoges utmark ved Skogsskiftet, ligg Sund kommune sin administrasjon, samt handelssenteret Sund Senter. I Midtstegen ligg eit av kommunens industriområder og i mot grensa til garden Litle Sangolt i sør, ligg kommunens nye skule og idrettssenter.

Naustmiljø på Skoge

Naustmiljø på Skoge

Skoge var blandt dei rikaste bygdene på Sotra i tidligare tider, dei hadde gode fiskeplassar og dreiv det stort innan fiskeri, men dei vart mang ein gong fråteken fiskereidskapen fordi dei dreiv med ulovlig garnfiske. I Norhordland tingbok kan ein lese at Skoge var første garden på Sotra, der dei hadde garn.