Velkomen til Skoge Vel si heimeside. Her vil me halde Dykk informert om kva som skjer i styret, planar, aktivitetar og anna som skjer i vår velforeining.

Skoge Vel er ei velforeining for garden Skoge i Sund kommune på Sotra.

Velforeininga vart stifta den 23 april 1998, med føremål å være eit bindeledd mellom og eit talerør for innbyggjarane på Skoge gard. Foreininga arbeider for ein god livskvalitet, eit godt bumiljø, ein god infrastruktur og eit godt servicetilbod for innbyggjarane på garden. Vi samarbeider med andre organisasjonar i saker av felles interesse og stimulerer til ei rekke kulturaktivitetar. Foreininga har i dag 90 medlemmer totalt.

Skoge Vel har i den korte tida dei har eksistert gjennomført mange prosjekter med stor suksess. Dette viser at dugnadsanden i velforeininga  er stor.