Nesten på plass

Steinen på Trøppo
Kortid den gamle kvilesteinen på Skoge vart sett opp er usikkert, men heldigvis tok Anna J. Skoge vare på denne kvilesteinen då Paradisvegen vart utvida og oppgradert nordover til Brekko og Hagen.

Etter initiativ frå velforeininga og med god hjelp frå Nils Kåre Skoge, som stilte med kranbil, har me fått løfta på plass kvilesteinen på staden der det gamle busskuret stod. Igjen har den kome til heider og verdigheit. Sjå bilete.

Steinen i Trengereidtræ
Planane er allereie klar for å gjenreisa fleire av dei gamle kvilesteinane på Skoge. Joleiv R. Kallestad er vald til å leia dette prosjektet . I Trengereidtræ står det også ein kvilestein. Den vart brukt til å kvile seg på når ein kom frå skinnefloren eller frå butikken. Sjå bilete.

Styret i Skoge Vel har avgjort at det førebels ikkje skal gjerast noko med denne steinen.

Steinen i Hagen
På snuplassen i Hagen er det også planlagt å setta opp ein kvilestein. Det har ikkje vore noko kvilestein her før, men frå staden er det ei svært vakker utsikt og velforeininga har fått løyve frå grunneigaren om å settje opp ein kvilestein her.

Denne steinen er no komen på plass saman med ein bautastein. Sjå bilete.

Prosjektet avslutta
Sidan det er avgjort å ikkje gjera noko med steinen i Trengereidtræ og dei to andre kvilesteinane er komen på plass, er prosjektet med kvilesteinane ferdig.