Då den nye barneskulen i Skogsvåg vart bygd, såg ein etterkvart eitt stort behov for å laga ein ny gangveg, for å korta ned ein farlig skuleveg. Behovet skulle etterkvart bli enda større då Skogsvåg Idrettslag sitt nye anlegg, samt Sotra Vidaregåande skule, avdeling Sund, vart etablert i same område. Det vart inngått avtale med grunneigarane om å få laga ny gangveg frå vegen til Neset og opp til den nye fylkesvegen, ved den vidaregåande skulen. Dette var det første store prosjekt som Skoge Vel sette i gang med og prosjektleiar var Ivar B. Sangolt. Arbeidet er ferdig, men ein oppdaga i ettertid at store nedbørsmengder, fører til at grusen renner vekk. Prosjektleiar har derfor bestemt at det skal må foretas eindel utbetringar, noko som velforeininga håper skal vera ferdig i løpet av sommaren. 

Prosjektet er likevel gjennomført med stor suksess og til alles glede. Den nye gangvegen vart laga for å betre skulevegen til barna frå Skoge og Skogestranda, men den blir i dag brukt mykje av turgåarar og elevane ved den nye vidaregåande skulen. At behovet for gangveg var tilstades er det ingen tvil om.