Eigenprodusert fisk til salgs

MARKNAD:
Laurdag 15. oktober var det marknad i Vaagheim. Me var litt spent på korleis det hadde gått, så ut på ettermiddagen laurdag tok Skogevel.no seg ein tur for å treffa folk og å høyra nytt.

Joakim selde fisk
Det var mykje fint å sjå. Til sals var, mellom anna, klede, glasvarer, porselen, kort av ymse slag og heimelaga mat. Joakim selde fisk han hadde fiska, salta og turka sjølv. Det var ikkje so mange kundar då me var der, men det hadde visst vore likare tidligare på dagen. Folk let vel etter det me kunne skjøna. Nokre av deltakarene har eiga heimeside.

På kafeen talde dei pengar
På kafeen talde dei pengar då me kom dit. Då skjøna me at me var i seinase laget. Men kaffi og kaker fekk me og godt var det. Dessutan fekk me ein triveleg prat med Landroen.

%%wppa%% %%cover=3%%