Her kjem kortesjen ..

FEST:
17. mai var noko annleis i år. Dei fleste på Skoge satt inne og fylgde 17. maifeiringa på fjernsynet og kosa seg med god mat og drykke.

Kommunen viste råd
Som eit plaster på såret skulle Nye Øygarden kommune køyra bilkortesje rundt i grendene og tuta i horna og laga leven. Dette blei varsla på heimesida til kommunen.
Difor stelde me oss opp langs vegen på Skoge litt før ti på fire, for å sjå kva dette var for noko. Der kom dei, bilane – med flagg og spetakkel. Og vips var den over – feiringa.

Då gjekk me heim att og åt rjomegraut.

Store, fine bilar og ungane tykte det var morrosamt. Me vaksne håpar på gamal feiring neste år.