Sund på søre Sotra, Band 5 – klar for trykking

by John M on 14 september 2016

bind5BYGDEBOKA:
Sund på søre Sotra, Band 5, Gards- og slektssoge for gnr. 41 – 50 er klar for trykking.

Boka vert lansert på ungdomshuset Vaagheim i Skogsvågen i Sund torsdag 24. november kl. 18, og alle er velkomne. Her kan boka kjøpast for 500 kr.

Også dei tidlegare fire banda kan kjøpast her.

Frå 25. november vert boka å få kjøpt på biblioteket og i Sund bokhandel, i  bokhandlane i Sartor Senter, og m.a. i Ark Beyer i Bergen sentrum. Andre bokhandlar vil òg kunne skaffa boka, også nettbokhandlar. Prisen er som nemnt 500 kr.

Favørpristilbodet er vedlagt, her står det òg litt om boka. Boka må tingast ved innbetaling innan 31. oktober for å oppnå prisen på 450 kr, elles vert prisen 500 kr. Boka kan hentast på biblioteket på Sund Senter, eller sendast i posten.

Ho kan òg hentast på boklanseringa 24. november. Les meir her.

Leave a Comment

Previous post:

Next post: