Sund på søre Sotra – band 3

by John M on 2 september 2014

Framsida omslag band 3Tredje band i bygdebokverket «Sund på søreSotra» vert lansert 6. november 2014. Lanseringa føregår på Stranda skule kl. 18.00.

Innhald
Boka er ei gards- og slektssoge, og opplysningane i boka begynner på 1500-talet og er førte fram til 2014. Band 3 har om lag 650 sider og inneheld rundt 1200 bilete, som gjev eit variert inntrykk av folk, arbeidsliv og kulturlandskap. Det er tabellar, figurar, kart og register i boka. Ho omhandlar alle bustadene på matrikkelgardane nord på Toftarøyna, Stranda, Vorland og Kausland.

Pris

No kan du tinga boka og få henne til redusert pris, 450 kr, dersom du betalar innan 23. oktober. Du må seinare betala fullpris, 500 kr. Boka kan hentast på boklanseringa om kvelden 6. november, eller på kulturkontoret/biblioteket på Sund Senter frå 7. november. Her kan du òg kjøpa fleire eksemplar av boka. Ho vert òg å få i bokhandel. Du kan òg tinga band1 og band2, dei kostar 500 kr.

Porto om boka skal sendast:
1 til 4 bøker 170 kr.

GIRO med konto og andre opplysningar

Leave a Comment

Previous post:

Next post: