Årets ryddararDUGNAD:
Tirsdag 14. mai var det dugnad på Skoge. 10-11 personar møtte opp – med godt humør- og klare til innsats!

Bra ver, men mykje søppel

Veret har helst vore fuktig i det siste, men denne kvelden blei det godt arbeidsver.
Vi delte oss i to grupper, nokre gjekk innover mot ungdomshuset og dei andre gjekk ut mot Hald stadion.

Til å begynne med såg det ikkje så verst ut, men etter kvart fann vi både bokhyller, fjernsyn og permar med sensitive opplysningar. Og bilen til Egil blei stappfull av søppel.

Årets ryddarar!
Vi gratulerer barna Olama og David, som blei årets ryddarar!  Ellers takkar vi alle som var med på dugnaden denne kvelden. No kan vi sjå fram til ei flott 17. mai feiring!