LANDBRUK
Ein splitter ny, grøn Ferrari er på plass hjå Hans og Jorunn på Skoge. Kraftkaren på heile 48HK og med ei vekt på berre vel 1200kg skal sørgja for at arbeidet heretter skal gå unna i ein fei.

Store vidder
Hans og Jorunn er dei siste på Skoge som driv med landbruk og slår fleire av dei nedlagte gardane her. Det er store vidder som skal farast over, så nykomlingen vil sikkert bli et kjært hjelpemiddel i så måte.